Tuesday, January 19, 2021

Music for Plutocracy Review - BT

 https://www.bt.no/kultur/i/dlL5Jq/straalande-lyskjelder?fbclid=IwAR3UbpYbcIm7pN-9Z8EjzU7EgMFAhh43RRtt_JQq8lN7DCFmgeBQTmemNTs



















«Music for Plutocracy»

• Kunstutstilling

• Kunstnar: Anne Katrine Senstad og med musikk/lydbilete av JG Thrilwell.

• Stad: S12 Galleri og Verksted, Bontelabo 2

• Utstillingsperiode: 16.01.2021-28.03.2021





















Strålande lyskjekler av Renate Rivedal


S12 Galleri gjer det igjen – inviterer inn ein spanande og klok kunstnar som leikar seg i utstillingsrommet, mitt einaste problemet er at eg vil ha meir! Det kjennest ut som eg har smugkikka inn, og no lengtar eg etter meir lys, meir farge, meir neon. For neonlysa til kunstnar Anne Katrin Senstad er langt ifrå bråkete reklameskilt, det kjennest meir ut som om ein går inn i eit helande rom.


Det er noko digg og urbant, leikent og fargerikt over neonlys. Bergens Tidenes reklameskilt vakande over Torgallmenningen, Else Kåss sin gedigne McDonalds «M» hoverande over senga, Kanye West sin «Flashing Lights», amerikanske diners, glowsticks, rave og Euphoria.


Det smakar av ny tid og framtidsutsikter, men òg nostalgi, masseproduksjon og overforbruk. Det er både tiltrekkande og fråstøytande. Som ein vel-manikyrert, neonrosa peikefinger som lokkar deg til seg, før du blir blenda av digre bokstavar som skrik: KJØP! KJØP!


Anne Katrine Senstad sin installasjon er derimot langt ifrå bråkete reklameskilt, det kjennest meir ut som ein går inn i ein stilrein arkitektonisk komposisjon. At ein kjenner noko godt strømme ut av verket og inn i sinnet.

Det er som å bevege seg inn i eit stringent tempel eller ein sakral katedral. Installasjonen hennar består av tynne neonlysrøyr i ulike skarpe fargar som er festa til 10 blanke akrylsøyler. Langs veggane heng det blå og rosaraude lysrøyr som dannar store innramma felt. Om ein kjem tett innpå akrylsøylene speglar den blanke overflata seg i nettet av lysrøyr i rommet, og gjenskinet av travle vegar av energi blir vist.


Installasjonen har òg ein musikalsk dimensjon, der komponist JG Thirlwells lydbilete omsluttar verket. «Soundscape» eller lydlandskapet som er komponert særskilt til verket bølgar opp og ned i intensitet.

Av og til høyrest det ut som buldrande is, andre gongar som godteri som sprakar i munnen. Kunstverket er femte utgåve i ein serie som har blitt vist verda rundt frå Shenzhen i Kina, Jeddah i Saudi-Arabia, Tallinn i Estland, New York i USA, og no i Bergen ved S12 Galleri.


Materiale og den tradisjonelle bruken av neonlys vert ofte sett i samband med masseproduksjon, sal og reklame. Og i starten var det nettopp det som var formålet, lysande reklameskilt i Los Angeles som etter legenda faktisk skal ha stoppa trafikken i 1923.


Seinare trykte kunstnarar neongassen til sitt bryst, og i seinare tid er det gjerne «Light and Space Movement» som hadde sitt virke i California på 1960- og 70-talet som er mest kjende for sin leik med lys og eit minimalistisk geometrisk formspråk. Og det er i den meir moderne tradisjonen ein kan sjå Senstad sitt formspråk samstundes som ein kan trekke linjene langt tilbake i tid til meir klassiske byggverk.


Kunstnaren sjølv omtalar kunsten sin som både persepsjonskunst og kritisk samfunnskunst. Utstillinga kan altså sjåast på fleire plan. Ein kan oppleve den som ei reint estetisk oppleving, med sine reine fargerike flater og sin innbydande arkitektoniske form. Eller ein kan gå eit steg vidare og prøve å definere sanseinntrykka, tolke fargane og lyset sin påverknadskraft på mennesket. Korleis visuelle impulsar påverkar oss, og vårt daglege fysiske miljø. Kva fargar eigentleg gjer for oss, eller på den andre sida, kva fargar kan ta ifrå oss. Tittelen på verket «Music for Plutocracy» viser korleis kunstnaren leikar med ord. For «Musikk for plutokratiet» står i eit motsetningsforhold til det fysiske verket. Eit plutokrati er eit samfunn som er styrt av ein liten minoritet av dei mest velståande innbyggarane.


Men installasjonen som møter oss er det motsette, eit demokratisk verk, der vi som betraktar vert invitert inn i verket. Avstanden ein finn mellom eit klassisk oljemåleri på veggen og mennesket, er i Senstad sitt verk viska ut. Du vert ikkje lenger berre ein betraktar eller berre ein gjest på galleriet, men du går inn og blir ein del av verket. Og det er noko særskilt med kunst som ein kan tre inn i og verte ein del av. Opplevinga her vert forsterka av følelsen av å kjenne lyset som eit konkret objekt. Eg opplevde ei erkjenning av lys og farge som eg ofte ikkje er bevisst. Dei blanke søylene kunne for meg også reflektere menneskjeforma.


Som dei straumfarande partiklane som flyttar seg gjennom lysrøra, flyttar våre eigne celler seg rundt i kroppen vår, søylene vert som eit ekko av menneskje. Det einaste eg kunne ynskje å endre på ved utstillinga «Music for Plutocracy» er at eg ynskjer meg meir av den.